KJØP OMEGA 3 FRA FRIIDA SHOPPEN
Search
Close this search box.

Slik blei eg «ho som trenar»

Tekst Malene Vilnes Livsforsett trumfar nyttårsforsett og no skal du få vite kvifor nbsp nbsp Då alarmen på mobilen ringte 05 25 i dag var min første innskytelse etter å ha dunka hovudet i skråtaket fordi eg hadde gløymt at eg låg i sonen min si seng å slå den av Stakkars meg måtte få sove ein time hellip

Slik blei eg «ho som trenar»

Tekst: Malene Vilnes

Livsforsett trumfar nyttårsforsett, og no skal du få vite kvifor.  

Då alarmen på mobilen ringte 05.25 i dag, var min første innskytelse (etter å ha dunka hovudet i skråtaket fordi eg hadde gløymt at eg låg i sonen min si seng) å slå den av. Stakkars meg måtte få sove ein time til. Minst! Det er uansett ikkje bra å trene utan nok søvn, sa eg til meg sjølv.  

Men i det eg skulle til å sove vidare, begynte nokre andre tankar å melde seg; «du rekk det ikkje seinare i dag», «ikkje i morgon heller…» 

Den gamle meg ville snudd ryggen til stemma som prøvde å minne meg på kvifor det var viktig å stå opp og halde avtala med meg sjølv. I kjent stil ville eg tenkt noko sånt som «eg tar det i morgon». «I morgon» ville gjerne blitt «neste veke», og så hadde eg endt opp med å fortsette livet slik eg alltid har gjort: ved å utsette det som eigentleg gjer meg til den versjonen av meg sjølv som eg verkeleg ønsker å vere. Ho som trenar, for eksempel.  

Nyttårsløfter og motivasjon

Vi er i starten på februar og i følge statistikken er det mest truleg to–tre veker sidan du gav opp nyttårsforsetta dine. Om du hadde nokon. Dei fleste ryk tredje veka i januar. Veit du kva eg trur er grunnen? 1: Du valgte feil forsett, eller 2: Du valgte det av feil grunn. I mange år var eg ei av dei som skulle begynne å trene og ete sunt kvar einaste første januar.

Det førte gjerne til ei skikkeleg «oppfeiting» der alt var lov heile desember. Og mens den eine ulykkelige jula etter den andre strauk forbi (eg blir veldig trist, tung og skamfull av å ete mykje og bevege meg lite) endte det med stramt regime dei første dagane i januar, før smellen var til å ta og føle på nokre veker ut i det som i tillegg er årets tyngste månad. Resten av året brukte eg same metode: hardt ut på mandagar, medan eg frå onsdag og ut lova meg sjølv å slutte å putte i meg drit på mandag igjen, etter at smellen var eit faktum tirsdag kveld – etter to dagar med strikt diett.  

Å snu livet på hovudet

No skal eg ikkje ta for meg det reint fysiologiske eller biologiske som gjer det særdeles vanskeleg for eit menneske å leve med strikt regime på mat og trening. Det kan ernæringsfysiologar, legar og biologar fortelle deg. Men kanskje du likevel kan lære av mi historie. 

Det var nemleg i det eg slutta å piske meg til å trene, eller tvinge meg sjølv på (mislykka) diett etter (mislykka) diett, at eg knekte koden.  

Og ikkje berre koden for korleis eg kunne bli ho som trenar og et sånn rimeleg sunt.  

Å trene med glede

Faktisk snudde eg opp ned på livet mitt ved å bytte ut listene eg laga med alt eg meinte at eg burde få til her i livet, med sånt som eg hadde lyst til å få til. Berre det å bytte bør med vil gjer noko med motivasjonen.  

Og eg hadde lyst til å trene. Eg visste kva trening kunne bety for både kropp og sinn, og eg ville at det å trene skulle bli ein del av livet mitt. Ein naturleg del, noko eg gleda meg til og ønska å prioritere. Ikkje noko eg skulle krysse av for å ha gjennomført fordi eg ville vere flink og bli tynn. Eg ønska frå innsida ut å bli ho som trenar. Biletet av meg sjølv som ho som trenar var eit mykje kjekkare bilete enn av ho som sovna på sofaen om kvelden fordi ho var tom for energi, eller kvidde seg til ei kvar form for fysisk aktivitet saman med andre fordi ho alltid følte seg tung og treg. Eg ville vere ei overskuddsberte, ei kul mamma på akebrett i bakken, og ei som ikkje lot ein oppblåst mage og følelsen av tung kropp hindre meg frå gøyal sex med mannen. Trening og kosthold heng nemleg saman, i alle fall for meg. Har eg det eine på plass er det lettare å ta seg av det andre også. Gode valg avlar fleire gode valg, er mi erfaring.  

Velvære og eigenkjærleik

Og la meg presisere: vekta mi er ganske lik det den har vore dei siste 20 åra. Det er ikkje det eg meinar med tung kropp. For meg er det haldninga som gjer skilnaden. Det handlar om kjensla av å ta gode val. Og bonusen ved å trene er ganske sikkert noko sånt som litt meir musklar, litt meir energi, litt meir spenst, ei litt anna innstilling. Rettare rygg, sterkare kjerne. Meir sjølvtillit. Eg trur du kan vere like glad i både deg sjølv og livet uavhengig vekt eller  kva kroppsfasong du har, men eg tør å tippe at du blir meir glad i både deg og livet ditt om du tar valg som er bra for deg versus å la vere.  

Verdien av sjølvaksept

Det var i det eg begynte å kjenne kor godt det gjorde å gjennomføre planlagte treningsøkter, og i den våryre beruselsen av bar asfalt i møte med lette joggesko, at det endra seg for meg. Det var mens melkesyra fekk låra til å brenne oppover fjellsida, og i tårer av meistringfølelse og endorfinrus på toppen, at noko nytt openberra seg: Gleda i å trene. Den oppriktige begeistringa over å komme seg opp fjellet, gjennom styrke-timen, eller ved å synke stønnande saman etter mine første samanhengande 5 kilometer — springande.  

Det var slik eg blei glad i kroppen min, også. Frå å fordømme at rumpa var diger, blei eg bevisst at ei skikkeleg bygd rumpe kan ha mykje å sei for livskvaliteten — og treningsintensiteten!  

Ellers på lista over livsforsett stod det meir av sånt som får sjela til å juble: 

– Bruk rød leppestift 
– Lær deg å gå med høge hæler 
– Elsk! 
– Nyt naturen 
– Ha blomster rundt deg 
– Steik pannekaker – ofte! 
– Legg vekk mobilen 
– Drikk kaffe med ei gammel dame 
– Ikkje kritiser 
– Ta vare på gode venner og drit i dei som ikkje vil deg vel 
– Ver litt galen – dra gjerne på byn i din fineste nattkjole 
– Ikkje bry deg om kva andre tenkjer og meiner!

Følg draumane dine

Ingen «bør» her, nei!  

I dag var det vanen som fekk meg opp og ut før klokka var 06. For tenk: Eg er blitt ho som trenar! Enda viktigare: Eg er ikkje lenger ho som snur ryggen til seg sjølv! For det er det vi gjer når ikkje vi tar ansvar for å gjere det vi eigentleg ønsker. Og tru meg: Ingen andre kjem til å ta ansvaret for deg.  

Ja, det er blytungt. Eg har grine meg gjennom mykje trening, eg. Gitt opp, også. Ofte! Men eg har alltid komme tilbake. Det finst ikkje eit alternativ lenger. Gi deg nok tid og eg vil love deg at du får smaken på å ha det bra. Uansett kva du ønsker å endre eller få til. Men det kan ta eit år, minst. Det er ikkje gjort på tre veker. Dessverre. Alt som er verdt å få til kostar. Bruk det som mantra og nyt det eg unner deg og alle andre å oppleve: meistringa i det å vere ein som gjennomfører — og gleda over å lukkast med alle dei små stega på vegen, det er jo gjerne der lykka ligg! 

Kva har du lyst til å putte på livslista di? Korleis kan ein tenne sjela di? Kva drøymer du om? Kven ønsker du å vere? Når føler du deg som deg? Finn fram papir og penn, og leik deg: «Eg er ho som…….»! 2024 kan bli året du blir deg— på ekte. Leit deg fram. Lag den lista! Vi er tross alt berre i februar. 

artikler du kanskje vil like